Alle kan bli med

I tillegg til NM i ljåslått har me ordinære tevlingar i stuttljå og langljå. Kvart år deltek ca. 90 personar i dei populære slåttekonkurransane våre. Kanskje dette også er noko for deg?

Me har ljåar til utlån. Vil du låne ein ljå av oss til konkurransen, må du melde frå om dette ved påmelding.

Alle som ynskjer det kan prøve seg i tevlingane våre. Med unntak av rekruttklassa stiller alle deltakarar i NM. Det kan konkurrerast i stutt– og⁄eller langljå.

Klasseinndelinga er slik:

Gutar ⁄ jenter rekrutt 7–12 år
Gutar ⁄ jenter 12–20 år
Menn ⁄ damer 20–60 år
Menn ⁄ damer 60+

NM i ljåslått blei arrangert for fyrste gong i 2007. Satsinga på NM kom som eit resultat av samarbeidet med Kulturlandskapssenteret og Norsk Kulturav, og ein felles søknad til Landbruksdepartementet. Samarbeidet hausta frukter, og i 2007 kunne me skilte med det fyrste offisielle NM i ljåslått. Fyrste året hadde me deltaking frå 13 fylke, og i åra etter har me hatt 14–15 fylke representert.

Det er premiar til alle deltakarane.