Slåttefestivalen går av stabelen i Hjartdal, ei av dei tre bygdene i Hjartdal kommune. Dei andre to bygdene er Sauland (kommunesenteret) og fjellbygda Tuddal under Gaustatoppen.

Bygda Hjartdal ligg langs E134, ca. 2 mil vest for kommunesenteret Sauland og ca. 2 mil nordaust for Seljord. Det er 4 mil til Notodden og 16 mil til Oslo.

Slåttearenaen er like ved Hjartdal kyrkje, i Hjartdal Nordbygd. Det er berre snaue kilometeren frå hovudvegen opp til kyrkja, og det er skilta frå E134. Det føregår også arrangement på grendehuset Bergtun, som ligg nede ved E134.